Motstandsgruppa Bjørn West

article image
Photographer: Museum Vest

Siste vinteren i 2. verdskrigen heldt motstandsrørsla Bjørn West til i dei ville Masfjordfjella.

Maximum attendees

Maks 40 elever (kan tilpasses om flere)

Duration

3 timer inkl. matpause

Time period

Hele året

Cost

Free

Other info

Skuleklassar kan søkja foreningen Bjørn West om støtte til reiseutgifter

Siste vinteren i 2. verdskrigen heldt motstandsrørsla Bjørn West til i dei ville Masfjordfjella. Kvifor var dei her, kva val måtte den einskilde soldat ta, og høyr om dramatiske kampar mot tyske styrkar. Kan kan me læra noko av dette i dag?

Bli kjent med motstandsgruppa Bjørn West i Masfjordfjella. Dei var dei første norske soldatane under direkte kommando frå London, sidan den norske kapitulasjonen 10. juni 1940. Dei 259 soldatane budde i små, dårlege stølshus i snødekt høgfjell. Dei fleste ungdomane kom frå Bergen, Os, Nordhordland og dei næraste bygdene kring Masfjordfjella. Dei var avhengige av å få nesten alle forsyningar frå Shetland, anten med båt eller flydropp. Dei siste trefningane i 2. verdskrig i Europa fann stad her.

Elevane vil få kort innføring i hovudtrekka om 2. verdskrig i Noreg. Hovudvekta vert lagt på å fortelja bakgrunnen for at det vart oppretta ein større norsk militærbase i det okkuperte Noreg, like bak fast stasjonerte tyske soldatar på Matre. Kven var dei norske soldatane, kva bakgrunn hadde dei, kva val måtte dei gjera, kvardagen som «geriljasoldat» - blodslit og kameratskap, svolt og kjærleik. Det vert også lagt vekk på den sivile innsatsen frå bygdefolket som ei føresetnad for at Bjørn West kunne halda seg skjult i fjellet.

Har historia om Bjørn West læra oss noko om utfordringane med krig og fred i 2018? Her prøver me å få elevane til å reflektera over korleis konfliktar vert løyst i dag, både mellommenneskeleg og mellom nasjonar. Kva verdiar kjempa Bjørn West for – og kva kjempa dei imot? Finst denne kampen i vår kvardag og?

Aktuelle mogelege fordjupingstema – valfritt.

  • Kvardagsliv i ei okkupert bygd – 3 ½ med tysk vaktstyrke på Matre
  • Krigsfangar – 200 russiske krigsfangar på Matre i 3 år
  • Kvinner under okkupasjon/krig – Døme frå m.a. Åslaug Matre.
  • Born under okkupasjon – 14 år gamle Ella arrestert og isolert på det som i dag er BWM.

Pedagogisk gjennomføring

  • Munnleg orientering om Bjørn West i båthuset (10 – 20 min alt etter alder og gruppe)
  • Ei kort vandring i nærområdet. Visualisera fangeleir, tysk vaktstasjon, mm
  • Film om Bjørn West
  • Løyse oppgåver i utstillinga
  • Plenumsdiskusjon
  • Kva kan Bjørn West historia læra oss
  • Dialog versus maktbruk.
  • Svart – kvitt, berre god eller berre vond?
  • Motstandskamp, demokrati, menneskeverd, menneskerettar
  • Kvar byrjar det fyrste kimen til hat? Klasserom? sosiale media? Storting? Det kvite hus?
  • Mm
  • Pedagogiske leikar/øvingar

More school experiences

School
Card Image

En glad laks?

Norges Fiskerimuseum

Naturfag Samfunnsfag Mat og helse grades 5 - 7 grades 8 - 10
School
Card Image

Sjømatreise gjennom 1800-tallet

Norges Fiskerimuseum

Historie VG1 VG2 VG3
School
Card Image

Motstandsgruppa Bjørn West

Bjørn West Museet

grades 1 - 2 grades 3 - 4 grades 5 - 7 + 4 more grades

Share to