Rotur med tradisjonsbåtar

article image
Photographer: Museum Vest

På Strilelandet var sjøen den dominerande ferdselsåra heilt inntil vegane og bruene kom for nokre få generasjonar sidan. Her til Herdla, som var eit senter i regionen, kom folk roande og seglande når dei skulle til kyrkje, på dans eller på butikken. Borna var ikkje mange år gamle før dei blei plasserte på ei tofte med ansvar for ei åre. I våre dagar er det derimot ikkje opplagt at born har fått prøvt seg i ein robåt.

Me innleier opplegget vårt med å fortelja om oselvaren og strandebarmaren som er dei tradisjonelle båttypane me brukar. Deretter tek me ein runde om tryggleik i båt før borna får prøva seg med årane. Me ror no over til Skarvøya som ligg like aust for Herdla. Etter grilling og knutekurs tek me ein tur rundt på denne spennande øya med sine tunellar og bunkerar. Deretter ror me tilbake til Herdla.

Pedagogisk gjennomføring

Det er to formidlarar med på undervisningsopplegget. Før roturen til Skarvøy vil det bli gitt ein sikkerhetsbrief, og dessutan utdeling av redningsvestar. Me stiller også med sikringsbåt som følgjer med på roturen. Elevane tek med matpakke, drikke og frukt. Læraren kan avtala med museet om me skal grilla på Skarvøy. Etter lunsj me gå tur på Skarvøy med historie og natur som tema.

Kompetansemål

Kroppsøving, kjerneelementer:

  • Deltakelse og samspill i bevegelsesaktiviteter
  • Uteaktiviteter og naturferdsel

Samfunnsfag, kjerneelementer:

  • Undring og utforsking
  • Samfunnskritisk tenking og sammenhenger
  • Bærekraftige samfunn

Tverrfaglig emne:

  • Bærekraftig utvikling

More school experiences

School
Card Image

En glad laks?

Norges Fiskerimuseum

Naturfag Samfunnsfag Mat og helse grades 5 - 7 grades 8 - 10
School
Card Image

Sjømatreise gjennom 1800-tallet

Norges Fiskerimuseum

Historie VG1 VG2 VG3
School
Card Image

Motstandsgruppa Bjørn West

Bjørn West Museet

grades 1 - 2 grades 3 - 4 grades 5 - 7 + 4 more grades

Share to