Stua frå Moahaugen låg opprinneleg i Øystre Slidre og blei kjøpt av Tosten K. Rudi. Moahaugen blei tatt over av den einaste sonen som vart att i Noreg, Nils, og stua vart eit føder ...
Stua frå Moahaugen låg opprinneleg i Øystre Slidre og blei kjøpt av Tosten K. Rudi. Moahaugen blei tatt over av den einaste sonen som vart att i Noreg, Nils, og stua vart eit føderådshus også for han og kona.
Våren 1974 vart stua riven for å flyttast til USA. Det tømmeret som ikkje vart med i fyrste sending, vart lagra på Valdres Folkemuseum til sumaren 1975.
Stua blei bygd ferdig i tide til kongebesøket i oktober 1975 i Decorah, Iowa. Det norsk-amerikanske Museet her hadde ynskt seg ei stue frå Noreg, og valet fall på ei stue frå Valdres. Huset egna seg godt på mange måtar, som sosialt, historisk og geografisk. I USA vart stua oppført av Knut Sebuødegård frå Valdres Folkemuseum, Ola Ladderud og Knut Steinsrud.
Prosjektet kosta mange pengar, så ei innsamling vart starta i Noreg.
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».