main article image
Hallingdal Museum/Torgil H. Pålsrud

Drikkekanne

Ål Bygdamuseum fyller 100 år i år, og i samband med dette jubileet ynskjer me å presentere nokre av gjenstandane som finst i samlinga til Ål Bygdamuseum. Me har prøvd å velje ut litt ulike gjenstandar, som kan vere med å gje eit bilete på kva som har vorte samla inn på Ål sidan oppstarten.

Drikkestell

Heilt frå det ein reknar som sagatida, rundt 800- til slutten av 1100-talet, var vin og mjød kjent som kostbar drikke. Øl var derimot den vanlegaste drikka til fest og høgtid, heilt frå førkristen tid og til slutten av 1800-talet - då ølet vart avløyst av kaffi (Rostad & Tschudi-Madsen 1998, s. 107).

Når ein mellom anna skulle drikke øl, tok ein i bruk drikkestell. Det mest brukte har vore av tre, fordi ein har hatt godt tilgang på trevirke. Keramikk og metall derimot har vore vanlegare i Sør-Europa og Austen. Sjølv om sølv og keramikk (frå 1400-1500-talet) blei brukt til drikkestell til fest i høgare krinsar, var servise og drikkestell av tre på moten for både kongar og adel i Europa i seinmellomalderen, også til fest. Etter kvart vart tinn vanleg, det kom til dei norske bygdene på 1500-talet, men det konkurrerte aldri ut bordstell av tre (Ibid).

Drikkekar av tre

På bygdene i Noreg har ein gjennom tidene brukt drikkekar av ulike typar, formar og materiale. Kara har variert i forhold til kva type drikk ein har putta i, men òg i forhold til dei ulike høva dei vart brukt. Drikkestell omfattar kar både til å oppbevare og frakte drikke i, men òg kar til å drikke av eller servere frå (Rostad & Tschudi-Madsen 1998, s. 107).

Dei fleste eldre drikkekar på bygdene er laga av tre, men dette speglast også i eldre mote frå bymiljø og aristokrati. Ein fann drikkekar av sølv og tinn i bygdemiljøa òg, og etter kvart òg kar av keramisk materiale og glas, men ikkje før vår tid har desse avløyst dei eldre i tre. Då var òg dei gamle skikkane knytt til drikke, avløyst av nye skikkar og nye drikker. Drikkekara til dagleg bruk var enkle, umåla og utan dekor. Til øl var likevel kara forma og dekorert med omhug. Det syner at drikkeseremoniane har vore av verdi. Truleg er den eldste typa dekor på drikkekar skurd og rissing. Frå 1600-talet og framover har mange av dei finaste drikkekara skore dekor, og på 1700- og 1800-talet blei denne skore dekoren ofte overmåla med rosemåla dekor som spreidde seg på bygdene (Rostad & Tschudi-Madsen 1998, s. 108).

Drikkekanne frå Ål

Hallingdal Museum/Torgil H. Pålsrud

I samlinga til Ål Bygdamuseum finst det fleire drikkekanner i tre. Denne drikkekanna har registreringsnummer ÅL00163, og er registrert på museet i 1972.

Drikkekanna er laga i tre, og dekorert med måling. Kanna er dreid, og handtaket er skore og felt inn. Loket er noko sundt. Drikkekanna er måla i ei gulbrun bottfarge, og er elles dekorert med ein mann, ei dame, ei løve, ein hjort og blomar. Desse motiva er måla i raudt, grønt og svart. Loket er òg måla i gulbrun botnfarge med bord i grønt, og rose i raudt. Handtaket er måla svart. Klesstilen til mannen og kvinna som er måla på drikkekanna peikar mot 1700-tals rokokko.

Kven som har måla drikkekanna, eller kor ho eigentleg er frå veit me diverre ikkje. Den vart kjøpt av Anders Person Baklien, men når står det ikkje opplyst.

Hallingdal Museum/Torgil H. Pålsrud
Hallingdal Museum/Torgil H. Pålsrud
Hallingdal Museum/Torgil H. Pålsrud
Hallingdal Museum/Torgil H. Pålsrud
Hallingdal Museum/Torgil H. Pålsrud
Hallingdal Museum/Torgil H. Pålsrud
Hallingdal Museum/Torgil H. Pålsrud
Hallingdal Museum/Torgil H. Pålsrud

Litteratur

Rostad, B. & Tschudi-Madsen, S. (1998). Norske antikviteter fra by og bygd. H. Aschehoug & Co

Share to