Tømmerfløytarar i arbeid
Tømmerfløytarar i arbeid Public domain mark (CC pdm)

Skogbruksbygda Bø

Skogen har vore til glede og nytte for alle i Bø og omegn til alle tider. Sommarutstillinga på Bø Museum 2022 viste ulike sider ved livet i og med skogen opp gjennom tida. Skogen har sjølvsagt vore leveveg og arbeidsstad for dei som hogg og selde tømmer, men i tillegg har skogen gjeve bær og kjøtt til mat; tremateriale til bygg og reiskapar; og område som blei bruka til rekreasjon.

Denne artikkelen inneheld informasjonen i plakatane på utsillinga. Her kan du lese meir om tømmerdrift og tømmerfløting, skogsarbeidaren, jakt, matauk og mykje meir.

Kvardagen i skogen

Klas Eika (1940) hadde mange arbeidsdagar i skogen på Uvdalsheia frå 1955 og framover. Han fortel:

Sjølve hogsten var ofte på hausten etter at innhausting og anna arbeid på gardane var ferdig. Ein la opp tømmeret i leggur, og når vinteren og snoen kom, køyrde ein tømmeret fram til elva. Så blei tømmeret fløytt tidleg på våren. Det hendte av og til at me hogg tidleg på sommaren. Det kalla me sevjehøgging, for da var trea fulle av sevje. Dei trea var svært lette å fløyte, og dei gjekk rett til slip (papirproduksjon). Den siste fløytinga i Eikja-elva var våren 1962. Når me høgg om hausten, låg me i tømmerhytta heile veka. Me sto opp og stulla hesten klokka 6. Hesten åt i omtrent ein time medan me åt frukost. Me hadde brød, margarin, ost, sukker og kaffe med oss til mat. Så var det ut etterpå, og hesten fekk eta i 45 minutt midt på dagen, samstundes med at me åt niste. Me var tilbake til hytta før det blei mørkt, og til middag hadde me ofte flesk og jordeple, og flåtet (fleskefettet) blei bruka i nokre kraftige sausar. Så var det å ta oppvasken etterpå. I 8–9-tida var me ut og stulla hesten igjen. Kveldane kunne bli noko lange på hytta når det blei tidleg mørkt.

Klær

På vinteren gjekk me i vadmålsbukser og puttisar som blei veiva rundt beina, og lestøvlar. På overkroppen hadde me heimastrikka genser, og eg trur kanskje at det var fleire som byrja å gå med islender på den tida. Vinteren var kaldare og med meir sno enn nå.

Hesten

Hesten kunne ta ein god kubikk i lasset. I nokre motbakkar måtte ein tvivende slik at han drog halve lasset opp bakken, snudde og henta resten av lasset. I bratte nedoverbakkar bruka me ein vrest under meien på sleden som brems. Slike bakkar kalla me for vrestebakkar. Vresten gjorde at lasset ikkje skaut (skuva) så på hesten ned bakken. Var bakkana bratte, måtte ein bruke vrest på begge meiane på sleden. I somme tilfelle måtte det òg slåast på ein toppvrest langt bak på tømmervenda (lasset) i dei alle brattaste bakkane. Ein vrest er ein grov kjetting med krok i enden. Biletet er truleg frå midten av 1940-åra, og der kan du sjå ein dølahest med stubbslede (samme type som står utanfor museet). På sleden kan ein sjå fastgjorda (fastspent) ei sliske (grind) som i bakkant ligg på ei dubbe (liten slede). Dette utstyret blei bruka til å køyre lagved (60 cm ved) heim frå skogen der denne veden hadde vore stabla i lag. 1 famn er eit lag på 4 meter lengde og 1 meter høgde. Det var visst eit godt dagsverk å felle, kabbe, kløyve og lø opp ei famn ved på ein dag.

        
Dølahest med stubbslede, tatt på Østigard Eika midt på 1940-talet. Public domain mark (CC pdm)

Merking og måling

Tømmermålaren merka stokken etter kvalitet. Sulfat var den aller dårlegaste furuslipen. Tømmermålaren hadde ei holpipe som han laga merke med dersom han straffa ein stokk. Han kunne av og til halde att somme tømmerlegger, viss han meinte at det ikkje var tørt nok til å komme i vatnet. Resultatet av målinga kom omtrent 14 dagar etterpå, i april/mai. Oppgjøret for tømmeret blei utbetalt 10. juni kvart år.

Merkeøksene blei bruka for å merke tømmeret etter kva for sagbruk stokken skulle til. Ein slo 3 høgg i enden av stokken og kanskje 2–3 på midten. Kvar skogeigar hadde også ei blinkeøks med eige merke på. Denne øksa hadde hoggeøks på eine sida og eit merke på andre sida. På Eika hadde me E som merke. Før hogsten starta, gjekk skogeigaren ut og blinka dei trea som skulle hoggast. Så kom tømmerhoggaren og felte dei trea som var blinka ut. Tømmerhogsten var det ein kallar “bledningshøgst”, det vil si at ein lot yngre tre stå att. Tømmerhoggaren fekk betaling per kubikk.


Transport med hest

Olav Dyrud på veg til tømmerskogen på 1950-talet.

Skogshesten var i bruk fram til lenge etter krigen, og for mange stod hesten for transporten av tømmerstokkane ut av skogen fram til ut på 1970-talet. Frå 1950-åra tok traktorane meir og meir over, i den første tida små traktorar med belte på, såkalla halvbelte. Så kom det større traktorar, og i dag er det spesialiserte skogsmaskiner som både hogger, kvistar, kappar og køyrer fram tømmeret til lunningsplassane. Der kjem det store tømmertrailarar og fraktar tømmeret ut.

Til transport med hest var det bruka støtting, også kalla stytting. Den var forma som ein kort kjelke som hesten drog med skjækene og med ein tverrstokk over. Den tjukke enden av tømmerstokkane vart bundne fast til denne tverrstokken og heile lasset drege av hesten.

Dette var tungt for hestane, og når tømmeret skulle fraktast langt bruka ein gjerne bukk og geit. Det var to sleder som var kopla saman med kjetting eller berre med at tømmerstokkane bandt dei saman. Heile tømmerstokken var då over bakken, og lasset vart lettare å dra fram.

Dette er hesten «Svarten» som tømmerkøyrar Trygve Langkås bruka aller mest.
Trygve Langkås er truleg den siste som brukar hest i skogen i Bø. Her køyrer han ein stokk med diameter 96 cm i rota med hesten «Kongsrauen» for om lag 10 år sidan.

Tømmertransport

I april 1958 var det storhogst på Østerliheia. Heile 3.500 kubikkmeter gran blei drive or skogen. 25 tømmerhoggarar, 3 traktorar og 6 hestar var i sving for å få tømmeret ut til bilvegen.

Tømmertransport midt på 1960-talet

Å hente ut tømmeret som har blitt felt i ulendt terreng har vore arbeidsomt og vanskeleg.  Bildet viser tømmertransport frå dalen innafor Prestehytta ved Vihus midt på 1960-talet.  Då bruka dei ein type løypestreng til å frakte tømmeret fram til bilveg. 

Det blei hengt opp ein wire innover dalen, og tømmeret vart frakta med at hoggarane feste stropp rundt ei klase tømmerstokkar.  Dei ga melding til personen som styrte vinsjen via walkie talkie. Då hoggarane gav melding blei klasen heist opp slik at den vart hengjande i lause lufta, og låst fast.  Så vart klasen vinsja fram av den bensindrevne vinsjen vi ser på bildet.  Då vinsjejobben var gjort vart mekanismen låst opp, og tømmeret blei lagt ned på bakken.  Stroppen rundt klasen vart fjerna, og tømmeret var klart til å bli lasta opp på tømmerbilar.  På denne uthogsten var det Johannes Strand og sonen Hans Strand som med kvar sin tømmerbil køyrde tømmeret fram til Odden brygge.  Der ute vart tømmeret dumpa rett frå tømmerbilen og ut i Norsjø.  Så vart tømmeret trekt over Norsjø med båt, og fløyta gjennom slusene og elvestrekningane fram til Union i Skien.  

Løypestreng for tømmer i bruk innanfor Prestehytta ved Vihus. Bø Museum Public domain mark (CC pdm)

Innretninga dei bruka for å få fram tømmeret i ulendt terreng, var i Tømmersalslaget sitt eige.  Det tok fleire dagar å rigge til utstyret, så det måtte vere store hogstfelt for at arbeidet skulle svare seg.  







Bilete frå Bø stasjon som blei tatt kort tid etter tømmerkrana der blei oppført. Bak tømmerkrana ser ein to Mercedes Benz L312 og ein Scania Vabis L51 vente på tur. Fotograf: Øivind Eliassen. Public domain mark (CC pdm)

Tømmertransporten på Bø stasjon

I 1924 kom jernbanen til Bø. Etter krigen blei tømmertransporten frå Bø stasjon stor. I 1955 blei det bygd eit 200 meter langt sidespor med ein stor 3-tonns tømmerkran på stasjonen. Denne hadde kapasitet til å løfte 12 tonn. Krana kunne tømme ein lastebil i eitt jafs og legge det til rette på jernbanevogna som blei køyrd under krana. Tømmerterminalen på Bø stasjon er framleis i bruk, men lastebilane nyttar nå eigen kran.

Fløyting i Midt-Telemark

Ved å klikke på det vesle bildet nedanfor vil du få opp eit kart i ei ny fane som viser vassdraga i Midt-Telemark som er bruka til tømmerfløyting. Kartet inneheld også fløytingsvassdraga på Notodden.

Kartgrunnlag: Arne Hjeltnes

Gjuvsåa.

Gjuvsåa startar sitt løp ved dei vidstrakte myrområda ved Myklestul/Stavsholta gjennom Tilfangåa, og veks raskt i vassføring når ho kjem ned i dalføret mellom Bryggefjell og Lifjell. Lengda er ikkje meir enn 5-6 km, men ho har gjennom tidene spela ei viktig rolle som tilførselselv til Bøelva.

Årmot - Lona - Hørtevassdraget

Årmotdalselva/Åseåa er ein lang og viktig elvastrekning i Bø. Årmotåa kjem fra Gavlesjå, Tjørnstul- og Hollaneområdet. Den samlar vatn fra dei nordaustlege delane av Lifjellplatået rundt Hollaneområdet, og har ei total lengde på opp mot 30 km. Elva renn gjennom store skogområder fra Slettefjell/Gavlesjå og austsida av Øysteinnatten/Skåra-fjell, skogane på vestsida av Bukkeli-/Røytebufjellet og Stokkland-heiane.

Lonåa er ei forhaldsvis lita, men viktig fløytingselv frå skogliene rundt Reskjem/Vatnar-traktene. Etter omlag 6-8 km møter ho Åseåa ved Høgfossåmotet. Herfra renn både Åseåa og Lonåa over i Hørteåa til dei renn ut i Bøelva like aust for Mannebru.

Bøelva/Gvarvelva.

Bøelva er hovudelva gjennom Bø. Ho renn frå utløpet av Seljordsvatn i vest til utløpet til Norsjø ved Gvarv. Strekningen som renn gjennom tidlegare Sauherad kommune heiter Gvarvelva. Elva er omlag 35 km lang, med eit fall på 101 m. Det største fallet er i Oterholt-fossen og vidare ned til Mannebru.

Eikjaelva.

Ho er om lag 25 km lang. Skogeigar Aall sto for fløytinga ned til Bakjerklomra. Vidare var fløytinga utførd av fløytingsforeninga. Vassdraget har i alt 3 fløytingsdammar, Holmstuldam, Uvdalsdam og Svenseid dam. Eikjaelva er den einaste fløytingselva i Bø/Sauherad som renn ut i Tokke/Vinjevassdraget.

Klevaråa

Klevaråa har sitt utspring fra Mjågetjønn som samlar vatn fra myrstrekningane aust for Roheimheia. Elva er omlag 10 km lang og renn gjennom fleire større og mindre vatn til ho når utløpet i Bråfjorden ved Klevar.

Det er bygd fleire damanlegg og forebyggingar nedetter langs elva. Dammen ved utløpet frå Vidsjå var den største fløytingsdammen i vassdraget; ein 3 meter høg lukedam med tre luker.

Hjukseåa

Området startar heilt aust på fjella på grensa mot Kongsberg kommune, og forgreinar seg i eit vidstrakt nettverk av åar, bekkar, vatn og myrar i eit stort samanhengande skogsområde nordaust i det tidlegare Sauherad, idag Notodden kommune. Ei viktig sideelv til Hjukseåa er Lauvåselva, som har sitt utspring oppe mot Dårstul i Lisleherad, og renn gjennom Elgsjøen vidare sudover mot Ådalen, der ho møter Drevdalsåa som kjem østanfrå Breisetområdet og Drevdalstjønnane. Samla er dette eit stort fløytingsvassdrag med ei lengde på omlag 25-30 km.

Sauarelva

Heddalsvatn, Sauarelva og Norsjø høyrer til Aust-Telemarksvassdraget med utløp til havet i Langesundsfjorden. Vassdraget er ei av dei viktigaste fløytingsvassdrag i Norge, og samlar vatn frå austlege delen av Hardangervidda og alle dei før nemnte fløytingselvane. Store mengder tømmer har gjennom tidene blitt frakta nedetter vassdraget, anten ved lausfløyting eller slep i lenser, klubbar eller flåtar.

Bruksskog og skogbruk

Skogen innvandra langsomt til vår del av verda etter siste istid. Fyrst var det spredt fjellbjørk på tundraen, så kom dei større, frodige lauvtrea, og den siste store endringa kom ca 500 år f.Kr då grantreet kom til Noreg og tok over store område. Skogen er symbol på villmark, den er del av ein nasjonalt stoltheit, og den er ein fritidsarena. Men fyrst og fremst har skogen vore ein økonomisk ressurs som har blitt bruka til varme, fôr, matauk og material av mange slag.

Menneska har gjennom tida forma skogen og naturen, slik at naturen også har blitt kultur. Skogen gøymer stiar og skogsbilvegar, myter og eventyr, spor etter skogsdrift, tømmerkoier og jakthytter, tufter etter gamle husmannsplassar, demningar og dammar, jaktgroper og velteplassar. Skogen blei rydda når menneska trong det, og skogen tok tilbake område når menneska flytta vekk. Slik er historia om skogen også historia om oss som bur her.

Halvor O. Mæland på leggeplassen, Tjønntveit i bakgrunn Public domain mark (CC pdm)

Kort omriss av skogshistoria

Heilt sidan 1500-talet har store mengder trelast frå norske skogar blitt eksportert til Europa, og trelast var lenge Noregs viktigaste næring. I 1585 høyrer me fyrste gong om ein bøhering som både hogg tømmer og fløytte det ned til Skien. Vidare utover 1600-talet auka velstanden for fleire bønder i området rundt Bø, og det har truleg samanheng med auka skogsdrift. På 1700-talet gjekk skogsdrift noko tilbake før den igjen tok seg opp på midten av 1800-talet. På denne tida blei arbeidsutstyret også vidareutvikla slik at ein fekk sag (stokksag) og betre sledar for tømmerkøyring med hest. Saga gjorde at mindre delar av stokken gjekk til spille. Samstundes skaut papirindustrien fart, slik at ein kunne bruke delar av treet der. Dermed blei skogen betre utnytta. På 1960-talet kom både motorsag og traktor for fullt inn i skogbruket og sidan da har mekaniseringa av skogbruket berre fortsatt.

Velkommen til utstilling

I denne utstillinga er det spesielt tømmerdrifta på 18- og 1900-talet som blir skildra, og du vil også få sjå litt om jakt, tømmertransport og kvardagen i skogen.

Sperrudvelta. Tømmeret blei frakta hit, på Bordvegen for å fraktas vidare på elva. Futen skriv om Bordvegen i 1757. ”Under Gaardene Thostvedt og Grivie i Bø herred er Sperrud velten beliggende, hvor det meeste af samme præstegields tømmer om vinteren bliver henkiørt.” Kilde: Kulturminnesøk Public domain mark (CC pdm)
Brua kunne ikkje bera denne Dodge Truck-lastebilen fullasta med tømmer. (Copyright)
Holmstuldammen stengt 1951 Bø Museum (Copyright)

Om skogbruk

Ein reknar med at over 40 prosent av landarealet i Telemark bestod av skog på 1500-talet. Om lag ein tredjedel var produktiv skog. I kommunar som Bamle, Holla, Sauherad, Lunde, Heddal, Hjartdal, Drangedal, Kviteseid, Nissedal, Lårdal og Mo, utgjorde skogen over tre firedelar av arealet.

Sitat om skogen: ”Heddølene nærte en inderlig beundring for den trauste gilde skogen, de malmsterke furuene som stod dypt og rotfast i den hjemlige jorden.” O.H. Holta (1927)

”Bondens ødslige skoger var blitt hans største rikdom. De svære skogene som hittil hadde vært et merke på Bratsbergs fattigdom, ble plutselig distriktets største aktivum-en uendelig rikdomskilde over alle åser, langt mer pålitelig enn malmårene i fjellene”. Ivar Seierstad (1958)

Denne var i omløp mellom 1949 og 62. I 2017 blei 100 kronersseddelen kåra til Tidenes norske seddel.
”Lensekara” frå 1938. Kunstnar: Erik Werenskiold
Hogst. Kunstnar: Terje Grøstad
Lørdagskveld i Hakkadal. Kunstnar: Harald Kihle

Skogen i eldre tid (til ca. 1500)

I mellomalderen stod dei norske skogane nesten ubrukte fordi han hadde lite økonomisk verde. Leiglendingar, som andre bondehushald, tok det dei trong til fyringsved, bygningsmateriale og gjerdefang utan å betale for det.

Overgangen til nytida( ca. 1500)

Frå byrjinga av 1500-talet auka etterspurnaden etter norsk trelast sterkt. I Europa, særleg i England og Nederlanda, var det stort behov for materiale til hus- og skips-bygging. Noreg låg best til reint geografisk og hadde varene. Med innføringa av vassaga eller oppgangssaga fekk landet ei terknologisk nyvinning av langtrekkjande dimensjonar. Vassaga fungerte soleis;Eit sagblad vart montert loddrett i ei grind som vart driven opp og ned av eit vasshjul, Sagbruksdrifta med basis i den nye vasskraftteknologien spreidde seg no som eld i turt gras. Hovudgrunnen til dette var dei låge kostnadane. Ein nevenyttig bonde kunne tømre opp ei sag på eiga hand. Ein vanleg bygdesmed kunne utføre jarnarbeidet for ein rimeleg penge. På den måten kunne sjølv kapitalfattige bønder bli entreprenørar.

Mesteparten av trelastproduksjonen på 1500-talet vart styrd av dugande bønder. Dei hadde hand om alle produksjonsledda, slike som 1) skogen, 2)hogsten, 3)transporten, 4)vassaga og 5) føringa til utskipingsstaden.Det gamle og statiske bondesamfunnet frigjorde seg frå nedervde tradisjonar, og trødde til, når sjansen baud seg, so sagflisa fauk.

Oppgangssag i Longvikbekken i Rauland. Fossum, Tore / Anno Norsk skogmuseum

SarpefossenErik Pauelsen / Statens Museum for Kunst, København

"Eit lukkeleg anarki"

Tidsepoken no utetter vart ei blømingstid for det norske bondesamfunnet. Den einskilde bonden dreiv si eiga verksemd nesten utan kontroll og skattar. Den einaste avgrensinga var hans eiga arbeidskraft. Sjølvsagt kunne ikkje dette vare. Sentrale og lokale styresmakter og borgarar såg med avundsjuke på trelastbonansaen. Her var det mange ledd å hente pengar frå.

Skattar, avgifter og toll freista styresmaktene.Den dansk-norske unionskongen kom tidleg inn i biletet. Som eigar av mange av jord- og skog-eigedommane i Noreg kravde han at lensherrane let byggje sager og drive skogane. Alt i 1545 nytta kongen makta si til å leggje tiende på sagbord. Dette vart m.a.o. ein skatt på sagdrifta

Jørgen Bjelke, lensherre på Bratsberg og nøkkelpersonen i Skiens framvekst som Noregs største trelastby. Anno Norsk skogmuseum Attribution-NoDerivs (CC BY-ND)
Tømmerkjøring og tømmermåling. Akvarell av J.F. Eckersberg 1857. O. Væring / Norsk Folkemuseum

Det norske borgarskapet var for veikt i store delar av 1500-talet til å bli ein maktfaktor i trelastnæringa. Men frå slutten av hundreåret og gjennom 1600-talet var borgarskapet ei framstormande samfunnsklasse som auka raskt både i mengd, formue og samfunnsmakt. Mange borgarar kom frå utlandet og slo seg ned her.

Bøndene mista stadig meir av kontrollen over omsetninga og sagbruksdrifta. Utviklinga stilte krav til organisering og kapital. Berre dei økonomisk sterkare borgarane kunne oppfylle desse krava. Dessutan favoriserte den eineveldige kongemakta borgarskapet.

I 1688 vart sagbruksreglementet for det sønnafjelske innført. Dette var det største enkeltinngrepet i norsk næringsliv nokonsinne. Retten til eksport vart reservert for eit visst tal priviligerte sager, og det vart sett eit øvre tak på produksjonen. Kvar av desse restriksjonanene innebar nære på ei halvering i høve til perioden umiddelbart før.

I løpet av nokre tiår var sagskurden og omsetninga, som var dei to mest innbringande ledda i trelastnæringa, kome under borgaranes kontroll.

Samstundes med utviklinga ovanfor byrja krona å selje jord og skog til oppsitjarane sjølve, som leiglendingane vart kalla med eit tysk låneord. I 1800 budde fleirtalet av norske bondehushald på sjølveigde gardsbruk, og nærmare 80 prosent av jorda var i bondeeige.Det vart etter kvart relativt mange bygdekaksar.

Storfolk og bønder i trelastnæringa

Alt i 1662 hadde den dansk-norske felleskongen,Fredrik iii, slege fast i eit privilegiebrev for alle norske kjøpstader at "Trælasthandelen skal hos borgerskabet alene forblive". Det tidlegare nemnde sagbruksreglementet frå 168 reduserte talet på sager kraftig . I tillegg fekk ein sokalla kvantumsager som berre hadde lov til å skjere eit maksimalkvantum bord årleg.

Begge desse privilegia gav byborgarane bukta og begge endane. Ein fekk fleire stader ein sokalla plankeadel. Dette er ei spøkefull nemning for ei norsk overklasse som tente seg rik på foredling og eksport av plankar og trelast, særleg på 1700-talet Dette handelspatrisiatet eller btrelastpatrisiatet var det mektigaste norske storborgarskapet før sskipsreiarane og industriherrane kom på1900-talet.

I fylket er familiane Aal, Cappeleno og Løvenskkiold dei mest prominente.

Briggen Ridder Darre, ført af Captn H. Ludvigsen,tegnet af C. G. Parnemann,1819,Søndre Brekke Gård Norsk Folkemuseum
Maleri av Eidsvollmannen Didrich von Cappelen (1761-1828) som tilhørte Skienspatrisiatet. Olsen, Chr / Eidsvoll 1814 Public domain mark (CC pdm)

Fløtningsselskapet

Boka er gjeve ut av Skiensvassdaragets fellesfløtingsforening i 1945. Utarbeiding og redaksjon er gjort av fløtningsinspektør Ebbe Theisen. Boka gjev ein god oversikt over fløtinga i heile Telemark med ein stor detaljrikdom som vist på illustrasjonane.

Sitat frå innleiinga av boka:

Med tilladelse av Norges Geografiske Oppmåling er dette kart utarbeidet på grunnlag av Oppmålingens nymålte rektangelkarter. For enkelte partier har man dog kun hat eldre amtskarter som grunnlag, og nøiagtigheten for disse dele er derfor mindre god. Dette gjelder således for blad nr. 1, den sydvestlige del omkring Herrevassdragene, samt for blad nr. 5, vest for 2° 40’ lengde, omfattende Tokevass dragene. Utarbeidelse og redaksjon er forestået av flotningsinspektør Ebbe Theisen.

Skien i mars 1945



Tekst frå Skogbruksmuseet:

«Foreningen til Fællesflødning fra Klevbroen i Flatdal til Norsø, samt videre Udførsel til Skotfossen», seinere kjent Bøvassdragets fellesfløtningsforening, vart skipa i 1862. 30 år seinare vart mrsteparten av flytinga her overteke av Skiensvassdragets fellesfløtningsforening. 1920-åra var ein vanskeleg periode for skogbruket, i Telemark som andre stader. Det var alltid tømmerkjøparane (sagbruka og papirfabrikkane) som hadde fleirtalet i styra i Skiensvassdragets fellesfløtningsforening, og særleg mellom skogeigarane i nedslagsfeltet til Bøvassdraget var det ei utbreidd oppfatning at tømmerkjøparane administrerte det slik at skogeigarane måtte bære ein altfor stor del av fløytingskostnadene. I 1926 skipa skogeigarane Bø og Seljord samflotingslag. Dette skapte konfliktar, men frå 1930-31 fekk samflotingslaget overta fløytinga i Bøvassdraget. Det skulle skogeigarane snart komme til å angre på, for samflotingslaget greidde ikkje å drive flytinga like kostnadseffektivt enn Skiensvassdragets fellesfløtingsforening. Ved utgangen av 1930-åra søke dei den kjøpmannsstyret organisasjonen om dei ville overta att. Dette fekk dei delvis gjennomslag for i 1947, men på premiss som ikkje fritok skogeigarane fra Bø og Seljord frå økonomisk ansvar.


Lensa på Gvarv

Evju Bygdetun

I ein video, tatt opp av Torbjørn Norendal i 2019, fortel Arne Hesthag om forholda tidleg på 50-talet. Den gong var Lars Teksten leiar av arbeidet i nokre år.

Skilla

Her sorterte ein tømmeret i tekstar (lenser) ut frå kvens som skulle ha tømmeret. Det var 6 mann på Skilla: Hans Stigen, Halvor Hegna, Hans Hegna, Olav Hasledalen, Arne Hesthag og Sveinung Milekåsa.

Evju Bygdetun

Klubba

Etter at tømmeret var sortert i Skila gjekk det vidare til Klubba. Her var det ein kjerrat som tok tømmeret over i eit kar der ein bunta det med vire til ein kubb. Denne blei så trekt over i ei ringlense. Klubben var sortert på mottakar. Desse jobba på kubben: Knut Odden, Torstein Kåsa, Tor Hegna, Halvor Vestgarden, Alf Hegna og Arne Hesthag.

Anno Norsk skogmuseum

Vifteanlegg ble bruka i vassdrag der det var noko færre tømmerkjøparar. Her blei stokkane sendt inn i ei inntakssluse og fordelt – etter kjøpermerke – i lommer som greina seg ut som spilene i ei vifte. I andre enden var det ein innretning for bunting av tømmer. Sorteringslensa låg slik til at eit svakt strømdrag gjorde at tømmeret fløyt langsomt gjennom lenseanleggt.

Flåte ved Gvarvlensa som blei bruka til å bunte tømmer. Anno Norsk skogmuseum Attribution-NoDerivs (CC BY-ND)

Flåtemaskinen låg ved Gvarvlensa i nordenden av Norsjø. Maskineriet vart nytta til å bunte tømmer. På flåten var det ein kjerrat som trekte sortert tømmer frå lensa. På arbeidsplattforma sto dei med trestenger, og vippa stokkane sidevegs mot skråplanet, slik at dei rulla ned i eit basseng, ei «klubbedokk». Flåtearbeidarane slo kraftige jernvaiarar rundt stokkane, og dei var klare for sleping vidare nedover Skiensvassdraget.

Nedanfor ser ein ei merkeøks som gav merke 176 for Union og til høgre 3 tømmermerke som Union bruka.

Foto: Ragnar Tveitan.
Foto: Ragnar Tveitan.

Tømmerdrift i gamle dager

Våren 1976 var fotograf Roy Olsen med bonde frå Innistugu Nordbø, Eiliv Grave, på ein vanleg arbeidsdag i skogen. Eiliv heldt lenge på «gamlemåten» å jobbe på.

Ved å klikke på biletet nedanfor vil du få opp plakaten i ei ny fane med ein del av bilda Roy Olsen tok denne dagen.


Share to